Dørene åpner: 19.00
Konsertstart: 19.30
Pris: 200,- (billetter selges i døra)
Arrangør: Kongsberg Spel og Dansarlag i samarbeid med Haukeliseterfestivalen og Folkeakademiet TeleBu
På tvers av landegrenser!
Annbjørg Lien-har sidan 80-talet vore ein av Noregs mest profilera folkemusikarar. Ho er allsidig i uttrykket og har ein eigen tone i fela. Musikken hennar er melodiøs og vakker, og ho har begge beina godt planta i tradisjonsmusikken. Hauk Buen er av hennar fremste læremeistar og førebilete på hardingfele.
Catriona MacDonald-kjem opprineleg frå Shetland men er no busett i Bø i Telemark. Ho er av dei fremste felespelarane i Scotland/Shetland, og kan vise til ei lang og allsidig konsertliste. Ho har i fleire år vore isnpirera av Noreg og tradisjonsmusikken. Saman med Annbjørg Lien er ho medlem i gruppa String Sisters som har gjordt stor suksess i inn og utland.
Damien O´Kane-frå Irland har eit rykte for å vere ein kreativ og spanande musikar, songar og komponist. Han spelar primert banjo, og etter som den engelske pressa skriv er han i eigne klasse på dette instrumentet! I tillegg trakterar han ulike typar gitarar både elektrisk og akkustisk gitar.
Han er fast medlem av Kate Rusby band, som uttaler at Damien er ein eksepsjonell musikar å ha med seg i bandet. Han har give ut soloplater, som har hausta gode kritikkar i britisk presse. Musikken han er bruka i BBC radio og TV, og han har samarbeidd med mange velkjende artistar verden rundt!