Friday 29 April

Per Anders Buen Garnås: Fykeruden

Dørene åpner: 19:00

Pris: 250,- ink.avgift

Tre fredager i første halvår av 2022 kommer en av våre aller fremste formidlere av slåttespel på hardingfele til Kongsberg for å presentere tre av de største spelemennene i Telemark på 1800-tallet; Myllarguten, Gibøen og Fykeruden. Gjennom ord og toner vil Per Anders gi oss et innblikk i disse tre spelemennene sine liv og musikk.
14. januar – Myllaren
18. mars – Gibøen
29. april – Fykeruden
FYKERUDEN
Trilogien til Per Anders Buen Garnås vert avslutta med spelet og sogene av og om Lars Fykerud.
Lars Fykerud (1860 – 1902) vart fødd og vaks opp i Sauherad, Telemark. Han var opplært på hardingfele av far sin, Hans Fykerud, som òg var ein omtykt spelemann i si tid, men Lars utvikla spelet sitt vidare og vart ein av dei meir stilskapande spelemennene me har hatt. Lars Fykerud var ein av dei fyrste til å forstå verdien av konsertframføringar på hardingfele så lyriske konsertstykkje vart ein naturleg del av komponeringa, noko han drog både åtgaum og dollar for når han turnerte i amerika seint 1800-tal.
Lars Fykerud vart diverre berre 42 år gamal før han gjekk bort, men han greidde likevel å setje djupe spor i spelemannssoga her i landet, så vel møtt til eit musikalsk møte med ein av meir segnomsuste meistarane på nasjonalinstrumentet vårt.
OM PER ANDERS BUEN GARNÅS – HARDINGFELE
Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå, og lete seg inspirere, av mange gode spelemenn som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen opp i gjennom åra. Han har vunne Landskappleiken i A-klassa på hardingfele fire gonger, seinast i 2018, og har fleire CD-utgjevingar bak seg, både soloplater og som medverkande musikar. For desse har han vunne Folkelarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemannprisen heile tre gonger.
Det er med andre ord ein av dei mest markante og ettertrakta spelemennene i landet seiste 20 år som kjem til Kongsberg. Han er for mange mest kjend som spelemann, men mange i folkemusikkretsar er også klar over hans fabelaktige formidlingsevne og talegåver. Gjennom dei tre konsertane «Myllaren», «Gibøen» og «Fykerud´n» får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om tre av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.
Medvirkende:
Per Anders Buen Garnås – Hardingfele og manus
 
Dørene åpner kl. 19.00. Konsertstart kl. 20.00. Billetter på TicketCo (se lenke) og i døra.